Vil byggje fleire skip for reiselivet

– Dei må kjenne oss dårleg dei som trur at vi stoppar ved dei fire båtane vi har bestilt til Havila Kystruten.

Det seier Per Sævik til NETT NO-magasinet, som no er ute.

Sævik er inne i sitt 78. år, og satsar stort på reiseliv.

– Det er ein vekstbransje og ein desentralisert bransje, der det eigentleg har vorte gjort lite samordna innsats hittil. Dette skal vi no gjere noko med.

– Det vert meir
Han har fått med seg døtra Hege Sævik Rabben til å leie hotellsatsinga saman med den tidlegare Thon Hotel Fosnavaag-sjefen Günther Dahler, medan den tidlegare Rem Offshore-sjefen Arild Myrvoll er sjef for Havila Kystruten, ei satsing som hittil er på fire milliardar kroner.

– Hovedfokuset er å gjere ferdig dei fire skipa som skal trafikkere ruta Bergen – Kirkenes frå 1. januar 2021, men det vert også sett på nye prosjekt innanfor reiseliv.

– Dei er ikkje tett på Havila-systemet som ikkje trur det vert meir, seier Myrvoll.

Vil ha Ålesund-hotell
At Sævik og familien meiner alvor, viser at dei har etablert selskapet Havila Hotels. I det selskapet ligg eigarskapet av Raftevold Hotell i Hornindal, Hotell Ivar Aasen i Ørsta og i tillegg vil det bli vurdert å leggge inn 45 prosent eigarskap i Thon Hotel Fosnavaag.

Men det skal ikkje stoppe der.

– Vi har augene opne for nye mulegheiter. Vi skulle gjerne hatt eit hotell i Ålesund, og kanskje eitt i Bergen, seier Per Sævik.

Og så skal det byggjast synergia mellom selskapa, der ein ser på samspel med Widerøe og Fjord1, inkludert Fjord1-satsinga The Fjords, med cruiseturar på fjordane i miljøvenlege fartøy.

– Bak alt ligg at vi skal ta vare på miljøet, naturen og kulturlandskapet, seier Hege Sævik Rabben.

Trur på kinesarane
Ho er fornøgd med utviklinga både på Ivar Aasen og Raftevold, der det vert satsa på at hotellet også skal vere ein samlingsplass for folket i nærområdet, samstundes som dei skal tiltrekke seg reisande som vert fleire dagar.

Og nettopp det siste er sentralt satsinga på asiatiske turistar, og då spesielt kinesarar.

– Det er no 300 millionar kinesarar i middelklassen. Og desse vil reise, seier Per Sævik.

Så stor tru har Sævik på tilereisande frå Kina at han vil ha kinesisk tekst på informasjonen om bord i dei fire Kystrute—skipa.

– Vi får sjå, seier Arild Myrvoll. Kanskje kan vi få laga eit system der den enkelte kan svitsje mellom ulike språk, alt etter behov, seier Myrvoll.

Satsar på Hjørundfjorden
Bak den store reiselivssatsinga er analysar som viser at turismen til Norge er venta å vekse mykje framover, og der veksten er forventa å verte ekstra stor på nordvestlandet.

Og det er først og fremst store grupper med asiatar som har oppdaga Norge som reisemål.

Günther Dahler har vore i kontakt med store kinesiske reisearrangørar som er ivrige etter å kome i gang med opplevingsturar til Norge, og der ein ser etter opplevingstilbod som går over fleire dagar.

– Og her tenker vi på å bruke fjordlandskapet, og då spesielt Hjørundfjorden som etter vårt syn har eit stort uutnytta potensiale.

Direkterute frå Helsinki
Men tanken er også å kople dei asiatiske turistane og andre reisande opp mot dei fire skipa i Havila Kystruten, der kvart skip kan ta inntil 700 passasjerar, og der det no vert bygt opp eit reiarlag med rundt 600 tilsette.

– Ved å ta ei strekning med Havila Kystruten, kan dei starte på Sunnmøre og slutte i Bergen – eller omvendt.

Aller helst ser Dahler at det vert etablert ei direkterute mellom Helsinki og Vigra for asiatisk reisande ettersom Helsinki er hovudbasen for reisande frå Asia til Europa.

På litt sikt er målet å flyge inn kinesiske turistar frå Helsinki, som er hovudbasen for reisande frå Asia til Europa.

– I dag har Widerøe no direktefly frå Helsinki til Tromsø og Bergen.  Vi må få til noko liknande til Vigra, med hovedfokus på kyst- og fjordopplevingar for asiatisk reisande.

– Ei kjempemulegheit
Dahler ser fram til NWT – Norwegian Travel Workshop – som neste år er lagt til Ålesund i perioden 1. til 5. april.

Hit kjem rundt 400 av verdas fremste turoperatørar.

– Dette er ei kjempemulegheit for å vise fram Sunnmøre og Vestlandet. Her kjem vi til å vere aktive, og vi har også fått avtale om at ein stor gruppe kjem til Fosnavåg for å sjå på kva vi har å tilby.

Dahler fortel om god utvikling for dei to hotella i Ørsta og Hornindal.

Artikkel og inhald henta frå Nett.no

Havila Kystrutens fire nye skip har fått navn

I den anledning har Havilaeier Per Sævik utlyste tidligere i år en navnekonkurranse blant sin 8 barnebarn, for å finne navn til skipene.

De rammene som ble gitt var at navnet skulle inneholde Havila og navnet på en stjerne.

Navnene blir:

  • Havila Capella

  • Havila Castor

  • Havila Polaris

  • Havila Pollux

– Skipene vil være de mest miljøvennlige kystruteskipene i trafikk og drevet frem av LNG og batteri, sier Adm. Direktør i selskapet Arild Myrvoll.

Han mener skipene vil sette en ny standard for miljøvennlig kystrutefart og vil kunne seile inn i Verdensarvfjorden Geiranger utslippsfritt allerede i 2021, som er 5 år før nullutslipps kravene fra Stortinget trer i kraft.

Havila Capella og Havila Castor blir bygget på Tersan verftet i Tyrkia, mens Havila Polaris og Havila Pollux blir bygget på Barreras verftet i Spania.

 

Fakta om skipene:

Lengde: 122,7 meter

Bredde: 22 meter

Antall passasjerer: 640 (468 i lugarer + 172 dagspassasjerer)

Artikkel henta fra Sunnmørsposten

Hotell Ivar Aasen © 2020