SHOWPAKKE MED HILDEGUNN MOLTUBAKK

Fredag 06.november, har gleda av å invitere deg til ein fantastisk kveld med Sunnmøre’s eiga ‘’Strikkebitsj’’
Hildegunn Moltubakk saman med svogeren Leif-Per!
Showpakke frå kr. 995,- pr. person i dobbeltrom
inkl. overnatting, frokost og show.
Restaurant Symra held åpent frå kl. 18:00 – 21:00.
Bordbestilling anbefalast, og ynskjer du ein eigen festmeny kan dette sjølvsagt bestillast på førehand.

Vi ynskar HJARTANS velkomen!

Bestilling av showpakke:
booking@hotellivaraasen.no
OM STRIKKEBITSJ, HILDEGUNN OG LEIF-PER:
Hildegunn Moltubakk er tilbake som Norges største Strikkebitsj! Leif-Per er sjølvsagt med, og det blir dramatikk, musikk, strikk og snikksnakk!

At Hildegunn kunne sy gardiner, var det vel ingen som var i tvil om. Men no er det strikking som gjeld for den nyseparerte og berømde husmora frå Ulsteinvik.

– Ei strikkebitsj er ein strikkar som ikkje unnskuldar seg for å sitje å strikke.
Stadig vekk får vi strikkarar kritikk fordi vi strikkar på kafé medan vi pratar med andre, eller at ein strikkar på eit jobbmøte, til dømes.
Men kva er eigentleg problemet? Folk sit jo med nasen ned i mobiltelefonen over alt, og der er det ingen som seier i frå eller reagerer.
Men vi strikkarar produserer i det minste noko, og vi unnskuldar oss aldri! Aldri i verda!
Det var jula 2019 at verda fekk opp augene for «Strikkebitsj» alias Hildegunn Moltubakk.
Ho heiter framleis Hildegunn, men valde å bruke skjellsordet «strikkebitsj» for det det var verdt då ho og mannen valde å ta ut separasjon.
Hildegunn forklarer:
– Eg og eksmannen min var midt i ein heftig krangel då han plutseleg slapp opp for gode argument.
Då tok han sats og kalla meg ei «strikkebitsj». Og eg tenkte: Greitt! Hvis han vil kalle meg for ei strikkebitsj, så skal eg vise meg som ei strikkebitsj!
Og sidan har ikkje Hildegunn og ektemannen gjennom mange år, Per-Leif Moltubakk, budd under same tak.
Ifølge frua med dei sterke meiningane bur han framleis i campingvogna si, og stortrivast.
Berre når han har behov for å vaske klede, eller få i seg mat som består av anna enn hermetisk Spaghetti á la Capri, byr det på utfordringar for «Strikkebitsj»,
som tok Norge med storm på Facebook i fjor jul med julekalendaren «Jul med Strikkebitsj».
Leif-Per, derimot, broren til Per-Leif, har ikkje brote med svigerinna si gjennom mange år,
og er framleis med som god moralsk støtte og musikalsk leiar når Hildegunn no inviterer til nytt show. Eller kva vi skal kalle det.
– Ja, det er eit show, men det er òg eit foredrag om å finne fram til essensen i seg sjølv som strikkar. Utan ein «strikke-purpose» er du fortapt, seier Hildegunn.
– Men må ein kunne strikke for å ha utbytte av showet?
– Nei, på ingen måte! Innhaldet denne kvelden kan overførast til alt: samliv, samfunnsøkonomi, bilmekking, miljøvern, discodans og fugletitting, for å nemne noko.
Hotell Ivar Aasen © 2020