Havila sitt oppkjøp av Raftevold Hotel er del av ei gedigen satsing innan turisme. – Innan fem år håpar eg Havila er ein av dei største reiselivsaktørane i Norge, seier administrerande direktør i Havila Holding, Per Sævik.
Søndag kveld inviterte Havila mellom 40 og 50 reiselivsoperatørar frå Europa, Australia og Canada til ein første presentasjon av Havila si storsatsing på turisme. Presentasjonen skjedde ved Havila sitt hovudkontor utanfor Fosnavåg. Måndag var om lag 500 reiselivsoperatørar til stades under den store reiselivsmessa som opna i Ålesund.
Havila har fire kystruteskip til bygging, to i Spania og to i Tyrkia. Ei investering på om lag fire milliardar kroner og som skal gje selskapet miljøvenlege skip drive på naturgass og straum. Båtane vil vere 124 meter lange, ha kabin for 468 passasjerar og fasilitetar for 172 dagpassasjerar. I tillegg vert det plass til gods og nokre bilar.
Frå Jostedalsbreen til Stad
Oppkjøpet av Raftevold Hotel i Hornindal, Ivar Aasen Hotel i Ørsta, eigarskapen i Thon Hotel i Fosnavåg og fleire mulige hotellkjøp er del i ei totalsatsing som Per Sævik sjølv seier er noko av det mest spennande som skjer innan reiselivsutvikling i Norge dei neste åra. Kystruten og Havila Hotels delte då også stand under reiselivsmessa i Ålesund.
– Kystruten startar 3. januar 2021. Då skal vi trafikkere Bergen-Kirkenes med 34 stopp nordover og 33 sørover. I våre område vert det stopp i Måløy og Herøy, og med avstikkar inn Hjørundfjorden og Geirangerfjorden om sommaren. Her kan turistane hoppe av og til dømes ta to-tre netter på lokale hotell for å ta med seg utvalet av opplevingar i regionen vår. Frå Jostedalsbreen og Loen Skylift til Stadplatået og Ålesund, seier Sævik. Han er klar på at Stad skipstunnel må på plass, og seier dette vil fungere som ein magnet for auka turisme på heile Nordvestlandet, i Nordfjord og på Sunnmøre.
– Vi ser Kystruten og hotellsatsinga i samanheng. I tillegg til at vi ønskjer å vri over frå bussgrupper til fleire individuelle gjester på hotella, ønskjer vi og å fokusere på heilårsturisme. Sommaren fyller seg ganske enkelt sjølv. Dermed ligg potensialet i å tenkje utviding til dei andre sesongane, seier Sævik.
– Veldrive hotell
Under presentasjonen i Fosnavåg søndag kveld presenterte reiselivsdirektør Gunther Dahler Raftevold Hotel som eit hotell med flott beliggenheit både ved hovudferdselsåra E39 og ved Europas djupaste innsjø.
Raftevold har vore eit veldrive hotell der vi ser mulegheiter for vidare utvikling. I desse dagar er vi i full gang med total ombygging av hageanlegget, orienterte Dahler.
Per Sævik seier Havila har betydeleg tru på vekstmuligheter for og gjennom oppkjøpet av Raftevold Hotel.
– Vi håpar blant anna å få til båttrafikk på vatnet. Raftevold ligg særs lagleg til langs ei hovudferdselsåre. Potensialet er stort, seier Sævik.
Artikkel og bilde fra; Fjordingen
Tilbud sommeren 2021
/i Opplevelser /av Anders AarebrotNyttårshelsing 2021
/i Aktuelt, Nyheter(region) /av Anders AarebrotPer Sævik fyller 80 år
/i Aktuelt, Nyheter(region) /av Anders AarebrotInformasjon vedørende Covid19
/i Aktuelt, Nyheter(region) /av Anders AarebrotOVERNATTING
Havila Hotel Ivar Aasen holder åpent.
Vi følger retningslinjene fra Regjering og FHI med oppdaterte og gjeldende regler for smittevern.
BESØKENDE
Alle besøkende som ikke overnatter på hotellet, må registrere seg ved ankomst.
ARRANGEMENT
Vi følger til en hver tid retningslinjene og reglene fra Regjeringen og FHI.
Frem til 18.01.2020 kan det arrangeres seminar/møte/konferanse for opptil 10 personer
OVERSIKT OVER NASJONALE TILTAK
På denne linken finner du alle nasjonale tiltak fra Regjeringen
www.regjeringen.no/no/tema/Koronasituasjonen/oversikt-over-nasjonale-tiltak-fra-3.-januar-2021/id2826828/
For reservasjon og mer informasjon ring oss på telefon 700 45 100
eller send oss en e-post: resepsjon@hotellivaraasen.no
Kurs & Konferansepakker
/i Opplevelser /av Anders AarebrotKONFERANSE | MØTE SEMINAR | ARRANGEMENT Tross pandemien vi står ovenfor er vi samtundes veldig opptatt av å halde hjula i gang. Derfor kan vi tilrettelegge for at næringslivet lokalt og regionalt skal få gjennomført konferanser eller andre viktige arrangement. Vi fyljer sjølvsagt alle rettningslinjer frå FHI og Regjeringen.
Se Kystruten seile
/i Aktuelt, Nyheter(region) /av Anders AarebrotLanseringsvideo fra NTW i Ålesund 2019
Skipakke & toppturar
/i Nyheter(region), Opplevelser /av Anders AarebrotSKIPAKKE & TOPPTURAR 2021 Sakte men sikkert dekkast dei flotte fjella kring oss med nysnøv, og gjer seg klar til å ta imot deg til ski-og topptur sesong!
Restaurant Symra stengt januar og februar
/i Aktuelt, Opplevelser /av Anders AarebrotKonferansepakkar – med god avstand!
/i Nyheter(region), Opplevelser /av Anders AarebrotFull fart fremover
/i Aktuelt, Nyheter(region) /av Anders AarebrotFull fart framover