TAPASAFTEN & THE FUNKUPS
Laurdag 27.mai
Velkomen til ein ny kveld med TapasAften !
Vi serverar vår nydelege tapasbuffé av både lokale og internasjonale råvarer, og denne kvelden står The FunkUps for musikken.
Tapasbuffé
kl. 19:00 – 22:00
The FunkUps
kl. 20:00 – 23:00
Pressemelding; “the FunkUps på Havila Hotel Ivar Aasen”
Nok eit nytt band har kome til i den lokale band-floraen; the FunkUps. Bandet består av velkjende figurar i det lokale musikkmiljøet, og har vore i swing i snart to år.
Bandet starta som eit korona-prosjekt, og vart nermast som sosial medisin å rekne den tida då det ikkje var lovleg å møte folk “på vanlig vis”; Dei fann eit kjellarlokale i Volda sentrum som var stort nok til at sju musikarar kunne møtest på lovleg “korona-vis”.
Etter kvart som bandet tok til å låte og koronaen tok slutt, har dei hatt nokre sporadiske spelingar på Tredet i Volda, som det viste seg at folk sette stor pris på. No er dei klare for å reise utanbygds, og tek turen til sjølvaste Ørsta. 27. mai inntek dei Hotell Ivar Aasen med sin fengande blues-, soul-, jazz- og funk-musikk.
I tillegg har dei øvd inn ein del swingande låtar som det er vanskeleg å sitje stille til..
the FunkUps består av:
Øyvind Lied: Tangentar / vokal
Stein Lied: Trommer / vokal
Svein Olav Kruse; Gitar
Andre Folkestad; Trombone
Svein Hunnes; Bass
Ulf Kristiansen; Sax
Ivar Kvangardsnes; Trompe