SHOWPAKKE MED HILDEGUNN MOLTUBAKK

Fredag 06.november, har gleda av å invitere deg til ein fantastisk kveld med Sunnmøre’s eiga ‘’Strikkebitsj’’
Hildegunn Moltubakk saman med svogeren Leif-Per!
Showpakke frå kr. 995,- pr. person i dobbeltrom
inkl. overnatting, frokost og show.
Restaurant Symra held åpent frå kl. 18:00 – 21:00.
Bordbestilling anbefalast, og ynskjer du ein eigen festmeny kan dette sjølvsagt bestillast på førehand.

Vi ynskar HJARTANS velkomen!

Bestilling av showpakke:
booking@hotellivaraasen.no
OM STRIKKEBITSJ, HILDEGUNN OG LEIF-PER:
Hildegunn Moltubakk er tilbake som Norges største Strikkebitsj! Leif-Per er sjølvsagt med, og det blir dramatikk, musikk, strikk og snikksnakk!

At Hildegunn kunne sy gardiner, var det vel ingen som var i tvil om. Men no er det strikking som gjeld for den nyseparerte og berømde husmora frå Ulsteinvik.

– Ei strikkebitsj er ein strikkar som ikkje unnskuldar seg for å sitje å strikke.
Stadig vekk får vi strikkarar kritikk fordi vi strikkar på kafé medan vi pratar med andre, eller at ein strikkar på eit jobbmøte, til dømes.
Men kva er eigentleg problemet? Folk sit jo med nasen ned i mobiltelefonen over alt, og der er det ingen som seier i frå eller reagerer.
Men vi strikkarar produserer i det minste noko, og vi unnskuldar oss aldri! Aldri i verda!
Det var jula 2019 at verda fekk opp augene for «Strikkebitsj» alias Hildegunn Moltubakk.
Ho heiter framleis Hildegunn, men valde å bruke skjellsordet «strikkebitsj» for det det var verdt då ho og mannen valde å ta ut separasjon.
Hildegunn forklarer:
– Eg og eksmannen min var midt i ein heftig krangel då han plutseleg slapp opp for gode argument.
Då tok han sats og kalla meg ei «strikkebitsj». Og eg tenkte: Greitt! Hvis han vil kalle meg for ei strikkebitsj, så skal eg vise meg som ei strikkebitsj!
Og sidan har ikkje Hildegunn og ektemannen gjennom mange år, Per-Leif Moltubakk, budd under same tak.
Ifølge frua med dei sterke meiningane bur han framleis i campingvogna si, og stortrivast.
Berre når han har behov for å vaske klede, eller få i seg mat som består av anna enn hermetisk Spaghetti á la Capri, byr det på utfordringar for «Strikkebitsj»,
som tok Norge med storm på Facebook i fjor jul med julekalendaren «Jul med Strikkebitsj».
Leif-Per, derimot, broren til Per-Leif, har ikkje brote med svigerinna si gjennom mange år,
og er framleis med som god moralsk støtte og musikalsk leiar når Hildegunn no inviterer til nytt show. Eller kva vi skal kalle det.
– Ja, det er eit show, men det er òg eit foredrag om å finne fram til essensen i seg sjølv som strikkar. Utan ein «strikke-purpose» er du fortapt, seier Hildegunn.
– Men må ein kunne strikke for å ha utbytte av showet?
– Nei, på ingen måte! Innhaldet denne kvelden kan overførast til alt: samliv, samfunnsøkonomi, bilmekking, miljøvern, discodans og fugletitting, for å nemne noko.

Haust med overnatting og flotte fjellturar!

Hausten er godt i gong !

Kva med ein fjelltur etterfulgt av ein god middag og overnatting på Havila Hotel Ivar Aasen i Ørsta?
Hausten er no på sitt finaste med flotte fargar i ein nydelig natur.

Vi anbefaler gjerne nokon flotte fjellturar, eller hjelper deg i kontakt med din eigen
fjellførar som tek deg med på ein eller fleire turar, og viser deg den flottaste utsikta!

Ta kontakt med oss for eit skreddersydd tilbod

 

KONTAKT

Telefon: 700 45 100
Epost: resepsjon@hotellivaraasen.no
Adresse: Parkvegen 9, 6150 Ørsta

Restaurant Symra

VÅRE ÅPNINGSTIDER

  • DAG
  • Mandag – Laurdag
  • Søndag
  • TID
  • KL 18:30 – 20:30
  • KL 14:00 – 16:00
  • MENY
  • A Lá Carte & Pizza
  • Søndagsmiddag & pizza

 

A la Carte meny

 

TRYGT FOR OSS – TRYGT FOR DEG

Vi har utarbeida rutiner for god hygiene og godt reinhald slik at du som gjest skal føle deg trygg i restauranten.
Dette medfører også at vi kan og vil bortvise personar som ikkje følgjer lov om smittevern.

Våre tiltak for eit trygt besøk:

  • Gjestar og personell skal halde minst 1 meters avstand til andre
  • Vi oppfordrar til handvask og bruk av Antibac ved ankomst
  • Vask og desinfisering av bordplater før nye gjestar
  • Generelt hyppig reinhald av alle kontaktflater som dørhandtak, toalett, rekkverk, bardisk
  • Betal gjerne med kort – unngå å betale kontant

Desse skal ikkje besøke hotellet eller restauranten:

  • Hvis du har vore innlagt på sykehus for luftveisinfeksjon siste 7 dagar
  • Dersom du har hatt symptomer på luftvegsinfeksjon siste 3 dagar (hoste/feber/tungpust/brystsmerter)
  • Er du underlagt karantene eller isolasjon kan vi dessverre ikkje ta imot deg

Konferanse 2020

Hos oss kan du velge mellom små møterom med utsikt over fjord og fjell, eller større konferanse-/møterom med plass til inntil 180 personar.
Alle møte- og konferanserom er moderne og har topp audiovisuelt utstyr.

Vår styrke er å tilrettelegge for effektive møter og gode konferanser.

Vi gleder oss til å ta imot deg. Ring eller send oss epost for meir informasjon og booking.

Telefon: 70045100

Epost: booking@hotellivaraasen.no

Info vedørende Koronavirus / Covid 19

OVERNATTING OG SERVERING

Hotellet er åpent og trygt å besøke. Vi følger retningslinjene fra FHI og gjeldande reglar for smittevern.
Hos oss kan du overnatte og få frokost samt A Lá Carte inntil videre. Les meir om tilbod på overnatting sommaren 2020.

OM ARRANGEMENT
Alle arrangement som bursdag, konferanse, jubileum etc. med inntil 150 personer kan gjennomførast på førehand (Ingen buffèt inntil videre).

For reservasjon og meir info ring oss på telefon 70045100 eller send oss ein e-post: resepsjon@hotellivaraasen.no

Kurs, konferanse, seminar?

Barnebursdag

Se Kystruten seile

Lanseringsvideo fra NTW i Ålesund 2019

Full fart fremover

Full fart framover

Havila sitt oppkjøp av Raftevold Hotel er del av ei gedigen satsing innan turisme. – Innan fem år håpar eg Havila er ein av dei største reiselivsaktørane i Norge, seier administrerande direktør i Havila Holding, Per Sævik.

Søndag kveld inviterte Havila mellom 40 og 50 reiselivsoperatørar frå Europa, Australia og Canada til ein første presentasjon av Havila si storsatsing på turisme. Presentasjonen skjedde ved Havila sitt hovudkontor utanfor Fosnavåg. Måndag var om lag 500 reiselivsoperatørar til stades under den store reiselivsmessa som opna i Ålesund.

Havila har fire kystruteskip til bygging, to i Spania og to i Tyrkia. Ei investering på om lag fire milliardar kroner og som skal gje selskapet miljøvenlege skip drive på naturgass og straum. Båtane vil vere 124 meter lange, ha kabin for 468 passasjerar og fasilitetar for 172 dagpassasjerar. I tillegg vert det plass til gods og nokre bilar.

Frå Jostedalsbreen til Stad

Oppkjøpet av Raftevold Hotel i Hornindal, Ivar Aasen Hotel i Ørsta, eigarskapen i Thon Hotel i Fosnavåg og fleire mulige hotellkjøp er del i ei totalsatsing som Per Sævik sjølv seier er noko av det mest spennande som skjer innan reiselivsutvikling i Norge dei neste åra. Kystruten og Havila Hotels delte då også stand under reiselivsmessa i Ålesund.

– Kystruten startar 3. januar 2021. Då skal vi trafikkere Bergen-Kirkenes med 34 stopp nordover og 33 sørover. I våre område vert det stopp i Måløy og Herøy, og med avstikkar inn Hjørundfjorden og Geirangerfjorden om sommaren. Her kan turistane hoppe av og til dømes ta to-tre netter på lokale hotell for å ta med seg utvalet av opplevingar i regionen vår. Frå Jostedalsbreen og Loen Skylift til Stadplatået og Ålesund, seier Sævik. Han er klar på at Stad skipstunnel må på plass, og seier dette vil fungere som ein magnet for auka turisme på heile Nordvestlandet, i Nordfjord og på Sunnmøre.

– Vi ser Kystruten og hotellsatsinga i samanheng. I tillegg til at vi ønskjer å vri over frå bussgrupper til fleire individuelle gjester på hotella, ønskjer vi og å fokusere på heilårsturisme. Sommaren fyller seg ganske enkelt sjølv. Dermed ligg potensialet i å tenkje utviding til dei andre sesongane, seier Sævik.

– Veldrive hotell

Under presentasjonen i Fosnavåg søndag kveld presenterte reiselivsdirektør Gunther Dahler Raftevold Hotel som eit hotell med flott beliggenheit både ved hovudferdselsåra E39 og ved Europas djupaste innsjø.

Raftevold har vore eit veldrive hotell der vi ser mulegheiter for vidare utvikling. I desse dagar er vi i full gang med total ombygging av hageanlegget, orienterte Dahler.

Per Sævik seier Havila har betydeleg tru på vekstmuligheter for og gjennom oppkjøpet av Raftevold Hotel.

– Vi håpar blant anna å få til båttrafikk på vatnet. Raftevold ligg særs lagleg til langs ei hovudferdselsåre. Potensialet er stort, seier Sævik.

 

Artikkel og bilde fra; Fjordingen

Vil byggje fleire skip for reiselivet

– Dei må kjenne oss dårleg dei som trur at vi stoppar ved dei fire båtane vi har bestilt til Havila Kystruten.

Det seier Per Sævik til NETT NO-magasinet, som no er ute.

Sævik er inne i sitt 78. år, og satsar stort på reiseliv.

– Det er ein vekstbransje og ein desentralisert bransje, der det eigentleg har vorte gjort lite samordna innsats hittil. Dette skal vi no gjere noko med.

– Det vert meir
Han har fått med seg døtra Hege Sævik Rabben til å leie hotellsatsinga saman med den tidlegare Thon Hotel Fosnavaag-sjefen Günther Dahler, medan den tidlegare Rem Offshore-sjefen Arild Myrvoll er sjef for Havila Kystruten, ei satsing som hittil er på fire milliardar kroner.

– Hovedfokuset er å gjere ferdig dei fire skipa som skal trafikkere ruta Bergen – Kirkenes frå 1. januar 2021, men det vert også sett på nye prosjekt innanfor reiseliv.

– Dei er ikkje tett på Havila-systemet som ikkje trur det vert meir, seier Myrvoll.

Vil ha Ålesund-hotell
At Sævik og familien meiner alvor, viser at dei har etablert selskapet Havila Hotels. I det selskapet ligg eigarskapet av Raftevold Hotell i Hornindal, Hotell Ivar Aasen i Ørsta og i tillegg vil det bli vurdert å leggge inn 45 prosent eigarskap i Thon Hotel Fosnavaag.

Men det skal ikkje stoppe der.

– Vi har augene opne for nye mulegheiter. Vi skulle gjerne hatt eit hotell i Ålesund, og kanskje eitt i Bergen, seier Per Sævik.

Og så skal det byggjast synergia mellom selskapa, der ein ser på samspel med Widerøe og Fjord1, inkludert Fjord1-satsinga The Fjords, med cruiseturar på fjordane i miljøvenlege fartøy.

– Bak alt ligg at vi skal ta vare på miljøet, naturen og kulturlandskapet, seier Hege Sævik Rabben.

Trur på kinesarane
Ho er fornøgd med utviklinga både på Ivar Aasen og Raftevold, der det vert satsa på at hotellet også skal vere ein samlingsplass for folket i nærområdet, samstundes som dei skal tiltrekke seg reisande som vert fleire dagar.

Og nettopp det siste er sentralt satsinga på asiatiske turistar, og då spesielt kinesarar.

– Det er no 300 millionar kinesarar i middelklassen. Og desse vil reise, seier Per Sævik.

Så stor tru har Sævik på tilereisande frå Kina at han vil ha kinesisk tekst på informasjonen om bord i dei fire Kystrute—skipa.

– Vi får sjå, seier Arild Myrvoll. Kanskje kan vi få laga eit system der den enkelte kan svitsje mellom ulike språk, alt etter behov, seier Myrvoll.

Satsar på Hjørundfjorden
Bak den store reiselivssatsinga er analysar som viser at turismen til Norge er venta å vekse mykje framover, og der veksten er forventa å verte ekstra stor på nordvestlandet.

Og det er først og fremst store grupper med asiatar som har oppdaga Norge som reisemål.

Günther Dahler har vore i kontakt med store kinesiske reisearrangørar som er ivrige etter å kome i gang med opplevingsturar til Norge, og der ein ser etter opplevingstilbod som går over fleire dagar.

– Og her tenker vi på å bruke fjordlandskapet, og då spesielt Hjørundfjorden som etter vårt syn har eit stort uutnytta potensiale.

Direkterute frå Helsinki
Men tanken er også å kople dei asiatiske turistane og andre reisande opp mot dei fire skipa i Havila Kystruten, der kvart skip kan ta inntil 700 passasjerar, og der det no vert bygt opp eit reiarlag med rundt 600 tilsette.

– Ved å ta ei strekning med Havila Kystruten, kan dei starte på Sunnmøre og slutte i Bergen – eller omvendt.

Aller helst ser Dahler at det vert etablert ei direkterute mellom Helsinki og Vigra for asiatisk reisande ettersom Helsinki er hovudbasen for reisande frå Asia til Europa.

På litt sikt er målet å flyge inn kinesiske turistar frå Helsinki, som er hovudbasen for reisande frå Asia til Europa.

– I dag har Widerøe no direktefly frå Helsinki til Tromsø og Bergen.  Vi må få til noko liknande til Vigra, med hovedfokus på kyst- og fjordopplevingar for asiatisk reisande.

– Ei kjempemulegheit
Dahler ser fram til NWT – Norwegian Travel Workshop – som neste år er lagt til Ålesund i perioden 1. til 5. april.

Hit kjem rundt 400 av verdas fremste turoperatørar.

– Dette er ei kjempemulegheit for å vise fram Sunnmøre og Vestlandet. Her kjem vi til å vere aktive, og vi har også fått avtale om at ein stor gruppe kjem til Fosnavåg for å sjå på kva vi har å tilby.

Dahler fortel om god utvikling for dei to hotella i Ørsta og Hornindal.

Artikkel og inhald henta frå Nett.no

Hotell Ivar Aasen © 2020